annonse

Ny mobilmast på Varda-fjellet

STAMNES: I fjor sommar var Vaksdal kommune og Telenor på synfaring på Vardafjellet. Her er det meininga å setja opp ei ny mobilmast, som skal gje dekning til Toskedalen og delar av Stamnes som har dårlege eller ingen mobilsignal. Avtalen med grunneigaren er no signert, og byggjemelding er sendt vidare til kommunen. Samstundes jobbar Vaksdal kommune med BKK om å få ført fram elkraft, går det fram av ein statusrapport for arbeidet, som Telenor har laga. – Det viktig at hytta, masta og straumen vert etablert i sommarhalvåret, skriv Telenor. Masta og hytta vil Telenor sin entreprenør ta seg av når dei formelle godkjenningane er på plass, heiter det.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.