annonse

Ny rekord i Expedition Amundsen

SKI: I bitande kulde og på vanskeleg føre suste Håvard Hansen inn til ny rekord i «verdas hardaste ekspedisjonsløp», Åsnes Expedition Amundsen. Etter 100 km, inkludert 8 timars obligatorisk kvile fullførte hardhausen på 21 timar og 40 minutt. – Det var vakkert, men brutalt, sa Håvard Hansen etter målgang. Beste lag vart Team Brynje of Norway (23.50) og beste dame Bjørg-Marit Valland (25.55). Årets utgåve av Åsnes Expedition Amundsen baud på strålande solskinn og nært vindstille. Men det var ned not 25 minusgrader enkelte gonger i løpet av natta og føret var krevjande. Totalt 13 valde å bryta løpet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.