annonse

Nytt styre i Voss ski- og tursenter

SKI: – Eit nytt styre vil truleg vera på plass denne veka, seier Tore Tvilde, som er representant for eigarlaga i Voss ski- og tursenter. Nyleg trekte leiar Lars Selheim og fleire styremedlemmer seg frå styret i Voss ski- og tursenter etter ein konflikt som oppstod då Selheim trykte like på eit facebookinnlegg mot utbygging av bustadhus i Bømoen. – For dei fleste laga ser det ut til at vararepresentantane tek over. Men dette er enno ikkje klart. Det skal etter planen vera møte torsdag kveld, seier Tore Tvilde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.