annonse

Omkøyring på Holven

GRANVIN: Ved masseutskiftinga på siste del av veganlegget på rv. 13 på Holven vil omkøyringa verta løyst med ein einfelts omkøyringsveg, nær anleggsområdet ved vatnet. Måndag sto det att å få på plass avtale med grunneigar, får Hordaland opplyst. Torsdag startar arbeidet med å skifta ut massar i den nye vegbanen, der lettare massar skal koma på plass. Massane som skal brukast kjem til Granvin med båt, opplyser prosjektleiar Lars Magnar Røneid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.