annonse

Ope møte om SeaWalk

ULVIK: Tysdag stiller fire innleiarar på det opne møtet i Ulvik om cruisetrafikk. Bakgrunnen for møtet i Kongresshallen er planarbeidet som er sett i gang for å få etablert ein samanleggbar cruisekai, ein SeaWalk, i Ulvik. Heradet legg opp til at innleiarane skal koma med informasjon om ulike sider ved cruisetrafikk, med bakgrunn i deira kompetanse frå ulike delar av reiselivet. Seniorrådgjevar Tor Johan Pedersen i Innovasjon Norge har stor kunnskap om cruisebransjen og cruisegjestene. Trond Amland har 30 års erfaring innan reiseliv på Vestlandet, og har i mange år leia Fløibanen. Med på møtet er dessutan Marit Stadheim, dagleg leiar i Destinasjon Eidfjord. Eidfjord har som kjent opplevd stor auke i cruisetrafikken den siste tida, til i alt 75 anløp dette året. Brei kunnskap om cruisenæringa har også Helge Møller, som leiar Cruise Destination Hardangerfjord.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.