annonse

Opnar isbane ved tinghuset

SKEISER: Tysdag ettermiddag opnar Voss kommune ein liten isbane ved Tinghuset. – Som eit ledd i den nye sentrumsplanen skal Voss kommune ha nokre småprosjekt i sentrum som går på mellombelse byrom. Kommunen har no fått tettstadsmidlar frå fylkeskommunen til å laga to mellombels prosjekt i sentrum. Eitt av dei er ein isbane utanfor Tinghuset, opplyser Kristin Lemme i næringsavdelinga. Ho seier vidare at dette er eit samarbeid mellom prosjektleiar Elisabeth Lillegraven på planavdelinga, Grøn Etat, Bygg og Eigedom og Næringsavdelinga. – Me har fått plastplater frå Norges Skøyteforbund, slik at ein framleis skal kunna gå på skeiser dersom isen smeltar. Me vonar at skeising kan verta eit lågterskeltilbod på Vangen i vekene som kjem. Sjølv om banen er liten, kan det vera starten på noko større. – Me lovar gratis kakao, seier Kristin Lemme.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.