annonse

Østberg utklassa alle

TOUR DE SKI: I sjuande og siste etappe av Tour de Ski starta Ingvild Flugstad Østberg fyrst. Ho heldt på leiinga opp heile monsterbakken og sklei over mål med henda i vêret 2:42.0 minutt framføre russiske Natalja Nepryaeva og 2:55.9 minutt framføre Anastasia Sedova.– Eg kjente kanskje ikkje  at det var min beste dag, meneg greidde å halde ein jamn rytme. Det var så ufattelig deilig! seier ho til NRK etter målgang. Klokka 14.45 er det Sjur Røthe sin tur å jakta opp den frykta bakken i Val di Fiemme. Han startar på ein sjette plass, omtrent 3,5 minutt bak Tour-leiar Johannes Høstflot Klæbo.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse