annonse

Politiet rykte ut til høglydt krangling

VOSS: Sundag kveld klokka 23.10 vart det meldt inn til politiet om ordensforstyrring på ei adresse i Voss sentrum. – Det var ikkje snakk om vald, men høglydt krangling som fekk naboane til å reagera. Det ordna seg etter at politiet kom til staden og fekk snakka med partane, då dei to involverte fekk pålegg om å halda seg vekke frå kvarandre, fortel Robert Veseth i politiet på Voss. Det vert ikkje oppretta sak på hendinga.