annonse

Politiet: – Ver obs

VOSS: No er det jolefeiring, og mange reiser vekk i tida framover. Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt oppmodar folk til å passa på tinga sine. – Det har vore ein del vinning i det siste, så lås inn alt utstyr, seier Veseth. Han trur det kan vera lurt å snakka med naboen dersom ein reiser vekk, og elles vera merksam. – Ta kontakt med politiet dersom ein ser eller høyrer noko mistenkjeleg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.