annonse

Polkabjørn til Vossa Jazz

JAZZ: Bak luke 21 i Vossa Jazz sin adventskalender, der programmet blir sleppt dag for dag, finn ein den allsidige vokalisten Bjørn Tomren, også kjend som Polkabjørn. Til Voss kjem han med det festivalen omtalar som postapokalyptiske hesterytmar, med programnamnet A Horse With No Name! Strupesongaren og jodlaren som også har ei stemme som eignar seg godt til countryballadar, har med seg operatenor Hallvar Djupvik og trommeslagar Audun Humberset. Andre nylege programslepp er Goran Kajfes Subtropic Arkestra og duoen Kira Skov og Maria Faust.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.