annonse

Prøvde å stela båt på Stamnes

VAKSDAL: Torsdag fekk politiet melding om eit mogleg tjuveriforsøk av ein båt på Stamnes. – Nokon har kappa fortøyingane på ein båt, men ettersom den òg var fortøydd med kjetting så vart den ikkje stolen. Men me mistenkjer at dette var ein freistnad på tjuveri og at det kan vera tjuvar på ferde i området, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. Hendinga skal ha skjedd i løpet av natt til 8. november. – Det er greitt at folk i området veit om dette, slik at dei kan vera påpasselege dersom dei ser uvanlege bilar eller folk som oppfører seg merkeleg, seier Veseth.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.