annonse

Raskast gjennom tidene

: (Foto: )

SUPERBIL: Ein Porsche 911 GT2 RS brukte nyleg 6 minutt, 47 sekund og tre tidelar rundt den 20,6 kilometer lange Nordsløyfa på Nürburgring. Det er raskare enn nokon annan gatebil har klart. – Det er ikkje berre rekordtida GT2 RS oppnådde som viser klasse, mens også at den leverte på same nivå fleire gonger, seier Andreas Preuninger, leiar for Porsches GT-avdeling, i ei pressemelding. Tida er ti sekund raskare enn det superbilen Porsche 918 Spyder har klart rundt same banen. GT2 RS er den sterkaste og raskaste 911-modellen som er produsert. Den har ein sekssylindra motor som yter 700 hestekrefter. Med ei vekt på 1470 kilo gjer han null til hundre på 2,8 sekund og har ein toppfart på 340 kilometer i timen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.