annonse

Rednings-aksjon i fjellet

BERGSDALEN: Klokka 15.30 laurdag fekk politiet telefon frå eit bergensk par som sat fast i fjellet. Paret hadde slått leir ved Storefossdammen, og hadde lagt ut på fjelltur i dårleg vêr. – Dei var våte og kalde, og sette seg ned for å søkja ly. Dei vart etter kvart tomme for straum på mobilane, og då me ikkje hadde kontakt med dei lenger, vart Røde Kors kopla inn, seier Henning Hegbom ved Voss lensmannskontor. Røde Kors fann paret og fekk dei tilbake til leiren i 01-tida på natta. – Paret tok deretter taxi heim, seier Hegbom.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.