annonse

Rekord for maraton i Eidfjord

EKSTREM OPPLEVING
EKSTREM OPPLEVING: Det vart deltakarrekord då Hardangervidda Marathon vart arrangert laurdag. Løpet går i naturskjønne omgjevnadar. (Foto: Kai-Otto Melau/Xtremeidfjord)

Rekordmange deltakarar stilte til start då Hardangervidda Marathon gjekk av stabelen laurdag.

Ingvild Siglen Berger

Totalt 327 utøvarar frå åtte land var påmeldt, noko som knuste den gamle deltakarrekorden med ca. 100 utøvarar. 

– Me er utruleg stolte og nøgde med talet på deltakarar i årets løp. Det tek me som eit teikn på at me gjer noko riktig og at utøvarane likar seg her i Eidfjord, seier løpsleiar Anita Fredheim Limastrand i ei pressemelding.

Vann sin klasse

Løpet vart ramma inn av strålande sol, og Gjermund Nordskar (Dynafit) vann heile sulamitten med tida 3.58.49 i herreklassen. Ane Guro Moen (Rjukan Fjellsportgruppe) vann med tida 4.49.55 i dameklassen. 

Beste lokale utøvar vart Arnstein Ringheim (Voss) med ein solid 13. plass totalt og tida 4.48.14 mellom herrane. Med det vann han sin klasse M40-44. Anders Gjeraker (Vossaspringar) kom på ellevte plass i same klasse med tida 6.09.05. Kenneth Løkaas frå Ulvik IL vart nr. 22 klassen, med tida 7.14.30. 

Vidare kom Øystein Røen (Voss) på 24. plass totalt, med tida 5.00.42. Han vart nummer fire i sin klasse M20-24.

Gode lokale

Katrine Knudsen (Voss) kom inn til ein 16. plass totalt mellom damene med tida 6.01.41, og vart nr. 2 i klassen K35-39. 

Jørund Kvåle frå Ulvik IL kom inn til 14. plass i klassen M35-39 på tida 5.49.53. Tommy Eriksen (Voss) kom på 14. plass i sin klasse M45-49 med tida 6.48.41. 

Anne-Lise Bleie frå Team Eidfjord vart nr. 2 i sin klasse K50-54 med tida 7.05.58. 

Halvmaraton

På halvmaraton tok Kristine Fossmark frå Dalekvam sjetteplassen totalt i dameklassen, med tida 2.52.31. Ho vart nummer fire i sin klasse K25-29. Liv Oddny Tveit (Eidfjord) vart nummer to av to startande i klassen K55-59 med tida 3.45.49. 

Mellom herrane vann Jostein Birkeland frå Dalekvam sin klasse M35-39 med tida 2.35.17. Danske Kasper Wrem Anderson (Eidfjord) tok niandeplassen i klassen M30-34 med tida 3.01.26.

Halvmaraton vart vunne av Geir Storetvedt Skaten (Gular) med tida 2.03.13 og Cecilie Sæterøy Johansen (Fornebu) som hadde tida 2.35.52. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.