annonse

Rektor sluttar ved Brakanes skule

ULVIK: Rektor ved Brakanes skule Thor Erling Larsen (61) har sagt opp stillinga sin i heradet, frå dette skuleåret er slutt. Rådmannen i Ulvik opplyste dei folkevalde om dette onsdag. I samband med dette ser administrasjonen på om det kan verta ei felles oppveksteining, som omfattar både barnehage og skule, i Ulvik. Rådmann Thore Hopperstad opplyste at dei prøver å koma fram til ei avgjerd om dette alt i februar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.