annonse

Røthe stod over

LANGRENN: Sjur Røthe var ikkje mellom dei norske startande sundag, då 9 km fristil jaktstart for menn gjekk av stabelen i Val di Fiemme. Under gårsdagens Tour de Ski-etappe måtte vossingen bryta på 15 km fellesstart i klassisk stil. – Me veit at Sjur har hatt sine problem i vinter, så det kan henda det har vore ein skikkeleg dårleg dag med tanke på ryggen, så då har han kanskje funne ut at nok er nok, sa landslagstrenar Vidar Løfshus til NRK etter at skirennet var ferdig. På avslutningsetappen under Tour de Ski i dag sikra Dario Cologna samanlagtsigeren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.