annonse

Rusa mann i arresten

VOSS: Natt til laurdag i 02-tida kom ein politipatrulje over ein rusa mann i Vangsgata. – Han både dansa og blottla seg litt. Då patruljen skulle køyra han heim motsette han seg dette, og han enda difor kvelden i drukkenskapsarrest i Bergen, fortel Henning Hegbom hjå Voss lensmannskontor. Mannen vart meldt for både ordensforstyrring og forulemping av offentleg tenesteperson, og fekk eit førelegg på 8000 kroner. Same natta var det ein annan mann som krangla med vaktene ved Park Hotel. Han fekk eit pålegg frå politiet og gjekk frå staden. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.