annonse

Sat fast i heis

VOSS: Natt til måndag måtte brannvernet på Voss køyra ut for å assistera ein person som sat fast i ein heis i Uttrågata 27. – Me fekk melding klokka 00.27. Ein 16-åring sat fast mellom to etasjar, fortel brannsjef David Skjerven. Brannvernet måtte gå inn i heismaskinrommet og gjera det som skulle til for å få han ut. Klokka 01.08 melde 110-sentralen på Twitter at ein gut var frigjort frå heisen og i god behald. Heisen må no reparerast. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.