annonse

Signerte avtale om samarbeid

VAKSDAL: Tysdag denne veka vart samarbeidsavtalen mellom Bergen brannvesen og Vaksdal kommune offisielt signert av brannsjef Leif Linde og konstituert rådmann Åse Elin Myking. Frå i dag, 1. mars, tek Bergen kommune ved Bergen brannvesen over totalansvaret for brann- og redningstenesta i Vaksdal kommune. Brannsjefen i Bergen brannvesen blir dermed også brannsjef i Vaksdal kommune. Ved hendingar er lokal utrykkingsleiar frå Vaksdal brannvesen delegert leiaransvaret inntil ein eventuell representant frå Bergen brannvesen, normalt utrykkingsleiar hjå Arna brannstasjon, kjem til skadestaden. Det er Vaksdal kommune som skal ha arbeidsgjevaransvaret for brann- og redningspersonell som inngår i den lokale beredskapsstyrken. Kommunen har òg ansvaret for drift og vedlikehald av eigne brannstasjonar, utrykkingskøyretøy og anna materiell.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.