annonse

Sløkte brann i bosspann

VOSS: Klokka 00.19 natt til onsdag vart det meldt om flammar og røyk i Bonangergata i Voss sentrum. Der var det fyr i eit bosspann på baksida av Sylvsmidja. Elden hadde òg spreidd seg til ein vegg. – Brannen vart sløkt etter 10 minutt. Fem bebuarar vart evakuerte, men fekk koma tilbake då brannen var sløkt, fortel Bjørn Inge Aarsand i politiet på Voss. Brannen skal ha starta i ein søppeldunk med papir, og politiet er veldig interesserte i tips dersom nokon har gjort seg spesielle observasjonar frå området i natt. – Me hadde vakthald på staden gjennom natta, og etterforskar saka. Mellom anna skal me snakka med bebuarar i området, seier Aarsand. Han fortel at dei førebels ikkje har nokon teori om korleis brannen har starta. – Anna enn at det er lite sannsynleg at brannen har starta av seg sjølv. Me har per no ingen mistenkte i saka, seier Aarsand. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.