annonse

Slost på pub i Lofthus

ULLENSVANG: Natt til sundag klokka 00.57, braut det ut slagsmål mellom tre til fire personar på Ekspedisjonen pub i Lofthus. Ifylgje politiet skal dei ha truga kvarandre verbalt og det var amper stemning. Vaktene på staden fekk etter kvart kontroll på situasjonen, og ingen vart skadde i hendinga. Politiet rykte ikkje ut, og melder at eventuell politimelding vil koma i ettertid. Det vart òg meldt om ordensforstyrring på Yazz i Voss sentrum same natt, i forbindelse med stenging. Då politiet kom til staden hadde dei involverte personane forsvunne.