annonse

Stogga bilførar i Voss sentrum

VOSS: Torsdag morgon klokka 08.00 vart ein mann i 60-åra stogga av UP i Uttrågata, då dei hadde kontroll. Han er mistenkt for å ha køyrd bil påverka av alkohol. – Han blåste til utslag og vart sikta for promillekøyring, seier Robert Veseth i politiet på Voss. Mannen vart fråteken førarkortet på staden. UP kontrollerte totalt 73 køyretøy for åtferd, promille og gyldige dokumentet. Det vart ingen andre reaksjonar.  

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.