annonse

Straumen ut éin dag

STAMNES: Eigentleg skulle straumen ha vore kopla ut i Stamnesområdet tre gonger før jul, men no klarer BKK seg med éin gong. Det fortel kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Anne Mette Tuvin. – Me kopla ut straumen nokre timar onsdag, men me utset arbeidet me hadde tenkt å gjennomføra neste veke, til over nyttår, fortel ho vidare. Meldinga frå BKK gjekk på at straumen skulle vera borte frå 09 til 14 to dagar. Tuvin har stor forståing for at utkoplinga passar dårleg i ei travel førjulstid. – Men arbeidet me skal gjera, og som me førebudde oss på i går, er for å sikra nettet slik at leveringstryggleiken vert betra. Det vert mellom anna gjort med å setja opp automatiske brytarar. Men det kjem me altså tilbake til over nyttår, understrekar Tuvin.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.