annonse

Streik i NRK

NOREG: Det er brot i meklinga mellom Norsk Journalistlag og NRK/Spekter. Det vert difor streik frå klokka 13.01 tysdag. – 1700 tilsette i NRK går ut i streik frå klokka 13 i dag. Det betyr eit sterkt redusert tilbod til publikum, melder NRK. Ein streik vil ramma mellom anna den tradisjonelle sendinga på 17. mai. I tillegg vil streiken ramma NRK sitt tilbod både på radio, TV og nett. Norsk Journalistlag NRK streikar mellom anna for å redusera lønsskilnaden mellom NRK og andre store mediehus.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.