annonse

Super Strong på tredje

TRAV: Super Strong til Stall Strongest There Is gjorde det best av våre hestar under V75-løpa på Bergen travpark laurdag. Super Strong spurta strålande inn til 3. plass, fekk tida 15,7, og henta 5000 kroner i premie i 2. løpet. Lins Tanic til Knut Dagestad enda på 5. plass i same løpet. Tida vart 16,0 og premien 3000. Bjørketora til Jostein Finne trava seg også opp gjennom løpet, avslutta godt og fekk 4. plass i 1. løpet. Ho gjekk på 35,5, og premien vart 4000 kroner. Haukeliexpressen og Genesis Boko enda uplasserte i sine løp.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.