annonse

Svær Hordablæst i helga

MUSIKK: 2635 musikantar møtest til dyst under Hordablæsten denne helga. Det er Bergen si storstove Grieghallen som er arena når 68 korps, 314 solistar, 120 ensemble og 200 aspirantar frå heile Hordaland deltek på Hordablæsten i dag og i morgon. Hordablæsten er ein av dei største musikkonkurransane i landet for korps, ensemble og solistar. Deltakartalet har auka med 275 frå i fjor. Her vert det tevlingar for juniorkorps, generasjonskorps, ensemble og solistar – janitsjar og brass – for 1., 2. og 3. divisjon. Voss Skulemusikk er ikkje med på Hordablæsten dette året. Einaste lokale deltakar Hordaland har fått stadfesta er Hedvig Styve Mjånes frå Evanger. Ho representerer Voss skulemusikk og er med i solistklassen, på kornett.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.