annonse

Telefonmøte om utdeling av midlar

HARDANGER: Kommunane i Hardanger tek sikte på å senda i alt sju søknader om skjønsmiddel dette året, til Fylkesmannen. Hardangerrådet ynskjer å prioritera søknadene, og avviklar møtet på telefon i dag, sidan det er kort tid til Fylkesmannen sin frist er ute. Det er søkt om til saman over 4,6 millionar kroner, og øvst på lista kjem prosjekt som omfattar fleire av dagens kommunar. Tiltak for å utvikla framtidsretta og gode omsorgstenester i den nye Ullensvang kommune (inkludert Odda og Jondal) toppar framlegget til prioritering. Ei ny løysing for felles digitalt fagsystem for Eidfjord og Ulvik er også med på lista, og vidare prosjektet i Granvin som skal førebu overgangen frå kommune til bygd. Dagleg leiar i Hardangerrådet meiner alle søknadene som kommunane i regionen fremjar her fell innanfor Fylkesmannen sine rammer for skjønstilskot.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.