annonse

– Tiltaka på skulen fungerer

DALE: Det har vore ein del oppslag om skulemiljøet på Dale siste tida, og dette vart også kommentert i Levekårsutvalet måndag. – Me har hatt ein del utfordringar, skulen har teke tak i det, og tiltaka som er sette i verk fungerer, konstaterte kommunalsjef for oppvekst, Ann Kristin Bolstad på møtet. På ungdomstrinnet er det tett oppfylging med foreldra, og no har ein fått ein del verktøy som ein ikkje hadde før, sa Bolstad. – Me kan avdekkja tidlegare både krenking og mobbing, og me kartlegg skulemiljøet, forklara Bolstad. På spørsmål om det «berre» er digital mobbing det er snakk om, svara Bolstad at det også har vore anna form for mobbing. – Skulen i fleire år har hatt god kontakt med politiet på Voss når det gjeld rusrelaterte ting, og politiet har også vore med på nokre foreldremøte, sa ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.