annonse

Tjuveri ved Voss gymnas

VOSS: Måndag morgon vart det oppdaga at det har vore eit tjuveri på gymnaset på Voss. Det stadfester Gunnar Ringheim, som fortel at det har vore tjuveri av verktøy på byggjeplassen. Det er førebels ikkje kjend kor store verdiar det er snakk om. Politiet har vore på staden for å undersøkja. – Det har ganske sikkert skjedd i løpet av helga, seier Ringheim. Politiet ber folk melda ifrå dersom ein har observert aktivitet ved gymnaset i løpet av helga. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.