annonse

To millionar kroner til Palmafossen

VOSS: Voss kommune har fått to millionar kroner til å utvida busslomme og gang- og sykkelveg inn til Palmafossen skule, melder kommunen på sine nettsider. Utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune har tildelt tilskot frå ordninga Trygg skuleveg og punktutbetring. Det vart òg delt ut pengar til kommunane Askøy, Austrheim, Bømlo, Fitjar, Jondal, Kvam, Lindås, Os og Vaksdal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.