annonse

To timar lengre stenging i Raundalen

RAUNDALEN: I morgon onsdag og torsdag 16. november vert det lenger vegstenging enn tidlegare annonsert på fv. 307 i Rastalia i Raundalen. Desse dagane vert vegen stengt for all trafikk frå klokka 09.00 til klokka 15.00, altså i 6 timar samanlikna med 4 timar som har vore vanleg til no. – Grunnen til dette er at det skal takast ned ei steinblokk ovanfor vegen. For å gjera dette på ein trygg måte, både for trafikantar, for jernbanen og for dei som jobbar der, må vegen stengjast lengre desse to dagane, opplyser Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen, vegseksjon Voss og Hardanger.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.