annonse

Tok førarkort etter nesten-ulukke på Vinje

VOSS: Tysdag ettermiddag omkring klokka 16.00, vart ein politimann i sivil tilfeldigvis vitne til ei nestenulukke på Vinje. – Det var ei farleg forbikøyring, som kunne enda med frontkollisjon. Føraren vart stansa, det vart oppretta sak og gjort beslag av førarkortet til denne personen, fortel Robert Veseth i politiet på Voss. Det var ei kvinne som vart fråteken førarkortet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.