annonse

Toppe spør på nytt om Helfo

STORTINGET: Kjersti Toppe (Sp) har levert spørsmål til helse- og omsorgsminister Bent Høie om han vil syta for ei ny vurdering av kontorstrukturen i Helfo, som ikkje legg opp til ei sterk sentralisering. På den måten vil han kunna fylgja opp fleirtalsmerknaden frå helse- og omsorgskomiteen, som viser til at dette gjeld statlege arbeidsplassar som ikkje må sentraliserast. Som kjent inneber framlegget som Helfo har utarbeidd at kontoret på Voss med 14 tilsette vert lagt ned. «Sjølv om også Oslo-kontoret er føreslått nedlagt, er det like fullt ei sentralisering når ein vil gå ifrå 22 kontor til fem eller sju», skriv Kjersti Toppe i spørsmålet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.