annonse

Torry tapte i Oslo

BOKSING: Torry Grønsberg frå Voss Bokseklubb tapte sin kamp i rekrutteringsserien aust i Oslo laurdag. – Torry møtte god motstand og det vart boksa på høgt nivå av begge boksarane, men Torry tapte knipent. Den kunne like godt vippa andre vegen, seier trenar Dag Gunnar Brekke. Grønsberg møtte Souflan Amsalkhir frå Oslo BK i 75 kg senior, og tapte 0–5. – Me er nøgde, og Torry hevar seg endå eit hakk mot å bli ein betre boksar, meiner Brekke.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.