annonse

Trafikkuhell på E16

VAKSDAL: Like etter klokka 15.30 fredag ettermiddag melde politiet på Twitter om eit trafikkuhell i Langhelletunnelen på E16 mellom Trengereid og Vaksdal. – Me fekk melding om ulukka klokka 15.10. Det verkar å vera mindre dramatisk enn me fyrst trudde, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord hjå Vest politidistrikt til Hordaland. Han fortel at ein bilførar skal ha køyrd i ein stein i vegkanten mellom Stavenestunnelen og Langhelletunnelen, mista kontrollen og så køyrd i muren langs vegen. – Det var to personar i bilen, ein av dei skal ha litt smerter i eit handledd. Ein patrulje er på veg til staden, fortel Rebnord. Der vil dei mellom anna sjekka om det ligg stein i vegen. Bilen skal stå ved sidan av vegen, og det er passasje i begge retningar. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.