annonse

Travelt på Hardingart

KUNST: Mest utan at det var planlagt, har det oppstått ei travel veke på Hardingart på Utne, skriv dei i ei pressemelding. Måndag opna kunstnaren Astrid Huneide ei utstilling der ho viser fram resultatet av ein månads arbeid med eit feministisk prosjekt om kvinner med makt og at storleiken på hælane seier noko om kvinna sin posisjon i samfunnet. I dagens samfunn tek kvinner på seg sko som dei ikkje kan løpa i og som dei må læra seg å bruka. Ei frivillig tvangstrøye. I morgon er det utstillingsopning med dei spanske kunstnarane Pedro J. Okna og Christina Savage. Dei lagar installasjonar, video og har performance. Laurdag kveld vert det haustfest med heilgrilla lam og konsert med rapparen Bug Daddy Karsten.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.