annonse

Tre menn stal masse datautstyr

VOSS: I 14.30-tida torsdag fekk politiet på Voss melding om eit tjuveri frå Elkjøp i Skulestadmo. – Det var tre austeuropeiske menn som hadde stole datautstyr, seier Henning Hegbom i politiet på Voss. Like etterpå kom det melding frå Power på Bryn om at dei same mennene hadde vore innom også der, men at dei etter alt å døma ikkje fekk med seg noko derfrå.

– På den eine av desse butikkane fekk dei med seg utstyr for 30.000 kroner. Me driv no med avhøyr av vitne og innsamling av overvakingsbilete, seier Hegbom.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.