annonse

Tulle-køyring i Skulestadmo

VOSS: Den siste tida har det vore ein del tullekøyring ved Coop Extra i Skulestadmo, seinast i 13-tida onsdag og det vart meldt ifrå om til politiet. – Meldar har observert dette fleire gonger, seier Hilde Aspen i politiet på Voss. For å kunna gjera noko med saka må politiet ta dei som køyrer på fersk gjerning. – Elles forsøkjer me å førebyggja ved å reisa dit og vera synlege, seier Aspen. «

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.