annonse

Tunell opna etter ulukke på E16

E16: Tysdag morgon klokka 06.43 kolliderte ein personbil og ein varebil inne i Risnestunnelen på E16, like vest for Trengereid. Det var berre førarane i kvar bil, som begge kom seg ut av køyretøya. Begge vart sende til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse. Det var store materielle skadar på staden, og bergingsbil vart varsla. Representantar frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen var på staden like etter klokka 08.00. Personbilføraren, ein mann på 24 år, har fått førarkortet mellombels inndrege og det skal takast blodprøver av han. Tunellen opna att klokka 09.50. Ifylgje Helse Bergen vart 24-åringen alvorleg skadd i ulukka, medan sjåføren av varebilen, ein 30 år gammal mann, vart lettare skadd. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.