annonse

Turtveit nr. 24 på sprint

LANGRENN: Vebjørn Turtveit vart nr. 24 under sprinten i Skandinavisk Cup i Vuokatti, Finland, laurdag. Sindre Skar Bjørnstad vann. Karoline Simpson-Larsen vart nr. 64 på kvinnene sin sprint, og kom difor ikkje vidare frå prologen. Tiril Udnes Weng vann .På herrane sin 15 km fri teknikk fredag vart Turtveit nr. 22, medan norske Daniel Stock vann. Under kvinnene sin 10 km fri teknikk vart Simpson-Larsen nr. 45, medan Tiril Udnes Weng vann også fredagen. I morgon, sundag, skal dei to vossingane gå høvesvis 10 km klassisk for kvinner og 15 km klassisk for menn.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.