annonse

Ulvik-ordførar ny leiar av råd

ODDA: Ordførar i Ulvik Hans Petter Thorbjørnsen vart nyleg vald til ny leiar for Hardangerrådet, etter ordførar Jon Larsgard frå Jondal. Hardangerrådet har hatt som praksis å rullera på leiinga, og fylgjer denne når Ulvik no får rådsordføraren. Etter den innarbeidde turnusen er det Kvam som overtek vervet som rådsvaraordførar. Funksjonstida for den nye rådsordføraren vert ut året 2019, til dei nye kommunegrensene tek til å gjelda. Rådmennene i dei sju Hardangerkommunane har på same måte valt rådmann i Ulvik Thore Hopperstad som leiar i rådmannsforumet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.