annonse

Uvitig køyring i sentrum

VOSS: Laurdag kveld klokka 21.48 fekk politiet melding om grisekøyring i Voss sentrum. Der skal to traktorar og ein ATV ha drive på. Politiet køyrde ut for leita etter dei og driva førebyggjande arbeid. – Patruljen var i kontakt med nokon som køyrde liknande køyretøy, men det er ikkje hundre prosent sikkert at det var desse, seier Robert Veseth i politiet på Voss.