annonse

Uvøren køyring i sentrum

VOSS: Mellom 23.00 og midnatt torsdag kveld fekk politiet på Voss melding om ein person som «grisekøyrde» med moped eller lettmotorsykkel i sentrum. – Me fekk ei melding frå folk som reagerte på køyringa, men hadde diverre ikkje kapasitet til å rykka ut. Dersom folk reagerer er det fint om ein noterer seg registreringsnummer og gjev oss beskjed om slik køyring, seier Siri Tronerud Andersen i politiet på Voss.