annonse

Vaksdal vil ha brann-samarbeid med Bergen

+

VAKSDAL: Formannskapet rådde måndag samrøystes til at det skal opprettast ei vertskommunesamarbeid med Bergen, på lik linje med det Osterøy og Samnanger kommunar har. Det er mangel på kompetent personell til stillingar som brannsjef generelt, og Vaksdal har ikkje fått tilsett sin, trass fleire utlysingar. Med aukande krav til ny forskrift for brannvernet, vert denne utfordringa endå større, går det fram av saksutgreiinga. Økonomisk vederlag til Bergen brannvesen er sett til 1.125.000 kr året. Etter avtalen som vart tilrådd skal kommunen tilsetja ein koordinator mellom brannmannskapet og vertskommunen, rekna til 40 prosent stilling. Avtalen kan seiast opp med 12 månaders varsel. Kjartan Haugsnes (SV) føreslo å ta med i vedtaket at «vertskommunesamarbeidet skal evaluerast årleg. Evalueringa skal leggjast fram for Vaksdal kommunestyre, fyrste gongen i desember 2018», og det slutta seg formannskapet seg til. Saka skal no til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.