annonse

Vart dømt for å ha køyrd forbi kontroll

ULLENSVANG: Ein svenske er i Hardanger tingrett dømt for å ha unnlate å stogga for kontroll av Statens vegvesen då han køyrde vogntog. Hendinga skjedde på rv. 7 ved Brimnes i februar 2016, og saka gjekk til retten då svensken nekta å godta førelegg. Den lange saksbehandlingstida gav ein betydeleg reduksjon av bota. Svensken vart dømt til å betala ei bot på 5000 kroner, eller sitja 10 dagar i fengsel.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.