annonse

Veg stengd etter steinras i Kvam

KVAM: Tysdag ettermiddag gjekk det eit steinras over fylkesveg 7 ved Fyksesund bru i Kvam i Hordaland. Ein stein på rundt ein kubikkmeter fall ned i vegbana, ifylgje vegvesenet. Ein geolog har vore på staden, og har bestemt at det blir gjort ei ny vurdering om vegen skal opna att, klokka 15 onsdag ettermiddag. Omkøyring er mogleg via E16 og riksveg 13 om Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse