annonse

Vogntog fast opp mot Vidda

HARDANGERVIDDA: Politiet melde måndag kveld om svært glatte vegar langs riksveg 7 frå Eidfjord og opp til Hardangervidda. Fleire vogntog hadde problem ved Vøringsfossen, melde politiet på Twitter i 21.30-tida måndag kveld. Klokka 22 melde Vegtrafikksentralen at vegen var stengd ved Maurset. Tre vogntog står på kryss og tvers, vart det opplyst. Utpå natta opna riksveg 7 att for fri ferdsel etter bilberging.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse