annonse

Vogntog køyrde seg fast

VOSS: Onsdag morgon klokka 07.44 fekk politiet på Voss melding om eit utanlandsk vogntog som hadde køyrd seg fast i Vinjadalen. Det sperra eitt køyrefelt, og politiet køyrde til staden. Etter kvart kom bilbergar på plass, og vogntoget kom seg vidare. Køyrefeltet opna att klokka 09.49. – Det kan koma fleire slike tilfelle der i dag, då det er nullføre og glatt, seier Robert Veseth i politiet på Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.