annonse

Voss Resort med Noregs mest nøgde gjester

VOSS: Voss Resort har dei mest nøgde gjestane, ifylgje ei fersk undersøking gjennomført av Nordic Bench. Skisenteret fekk ein skåre på 9,1 av 10 moglege. Det er kundar frå Vestlandet, byfolk og avanserte skikøyrarar som er mest nøgde. Trysil har flest nedfartar og Hemsedal har mest uteliv mellom skistadene i Noreg, viser undersøkinga. Det er minimum 50 gjester frå Noreg, Sverige og Danmark som har svara på undersøkinga på kvar stad. – Undersøkinga er ikkje statistisk haldbar, men den viser kva folket likar best, skriv reisemagasinet Reiselyst.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.