(NPK-NTB-AFP): Amerikanske militærlegar lukka auga for at fangar i Guantanamo-leiren på Cuba vart mishandla og torturert.
Det går fram av ei undersøking utført av ein pensjonert general og ein ekspert frå physicians for Human Rights, som har granska legejournalar og rettsdokument til ni fangar.
Resultatet er publisert i siste utgåve av tidsskriftet PloS Medicine, der det blir stilt spørsmål ved om ikkje dei militære legane burde ha ropt varsku om kva dei observerte i Guantanamo-leiren.
Legane såg korleis fangar utan psykiatrisk forhistorie plutseleg utvikla symptom på posttraumatisk stress i fangeleiren, dei fekk høyre historier om valdtekt og dei såg med eigne auge beinbrot, kvestingar og kuttskadar, utan å stille spørsmål ved årsakene.
– Legane og det psykiatriske helsepersonellet som behandla fangane, verken undersøkte eller dokumenterte årsakene til dei fysiske skadane og dei psykologiske symptoma dei observerte, slår undersøkinga fast.
– Nesten alle legevisittane kom i stand etter sjølvmordsforsøk og sveltestreikar, og notata dei militære legane tok indikerer at dei var uvelkomne og fangane nekta ofte å samarbeide, heiter det vidare. (©NPK)
Vind og ver Merk deg datoen: 21. mai var dagen sommaren kom til Vestlandet i 2012. Les meir